Hopp til innhold

Velkomen til BNO, Eivind Gullberg Jensen!

I dag er fyrste dagen på kontoret til vår nye operasjef, Eivind Gullberg Jensen.

Fyrste dag som operasjef i Grieghallen – korleis kjennes det?

Det kjennes både fint og rart å gå til «det nye» kontoret mitt her i Grieghallen, for eg har jo på mange måtar vakse opp her på huset. På 80-talet byrja eg ta fiolinundervisning i 4. etasje hjå Henryk Kniejski frå BFO. Og eg har i min ungdom spela mange konsertar her som fiolinist, og etter kvart konsertmeister, i Hordaland Ungdomssymfoniorkester. I same periode var eg med å få 3. plass i Brass NM som althornist i Sagvåg Musikklag - medan eg i vaksen alder har dirigert fleire konsertar med Bergen Filharmonien, NDR Radiophilharmonie (gjest ved FiB) og i andre samarbeid med Festspela.

Som dirigent har du klassisk musikk i blodet, kva for ein «låt» skildrar best kjensla av dag 1 som operasjef i Bergen?

Fyrste sats frå Mahler’s 1st symfoni skildrar godt korleis fyrste dag på jobb her kjennest. Der introen harmonerar godt med å vakna til is på Nordåsvatnet og litt naturlyder frå omgjevnadene, eksposisjonen skildrar veldig godt det å gå til og inn i ei ny rolle - så får me sjå om resten av dagen lever opp til fortsettelsen og klimakset i satsen ... det skal kanskje godt gjerast:)

Åremålet ditt er på fem år, har du en raud tråd du ynskjer å følge i valg av operaer bergenspublikummet kan sjå fram til å oppleva?

I dei komande åra ynskjer eg å presentera opera på ein breiast mogleg måte, slik at bergenspublikummet vil verta kjent med så mange aspekt med sjangeren som mogleg. Det kan vera frå dei mest kjente publikumsmagnetane til operaer som aldri har vorte spela i Noreg før - frå gamle klassikarar til nyskriven musikk. Då Bergen er i ein fase der det vert planlagt eit framtidig musikkteaterhus, føler eg at BNO har ei svært viktig oppgåve i åra som kjem, ved å stimulera interessa for sjangeren i byen.

Om du får ynskje deg kun ein ting i 2021, kva blir det?

Mitt største ynskje for 2021 er at me snart får kontroll på corona-smitta, slik at me igjen kan presentera musikk og teater for fulle hus, både i Noreg og elles i verda.

Siste nyheter

EGK Siljuslåtten 200321 BNO nett 13

Vårkonsert på sykehjem

Edvard Grieg Kors konsert på Siljuslåtten sykehjem inneholder ikke mindre enn en verdenspremiere på sanger av Edvard Grieg! Se konserten i opptak her.

Koret på La clemenza di Tito

Møt koret i kjelleren

Ryggraden i så mange av våre operaer har denne gangen blitt tvunget i kjelleren, bokstavelig talt. Fra Grieghallens dypeste konsertlokale strømmes Edvard Grieg Kor rett til scenen, på trygg korona-avstand og i tidsriktig digitalt format.

Rehearsals via Teams

Opera i koronaens tid

Side opp og side ned med restriksjoner skal ikke hindre oss i å produsere opera! Ei heller innreiseforbud. Prøvene til Mozarts La clemenza di Tito er endelig i gang, med regissør, kostymedesigner og lysdesigner fra London til stede. På storskjerm riktignok - via Teams.

Composer Room

Interaktivt operaspill

Lær mer om hvordan en opera blir til! I dette interaktive spillet dukker komponist, librettist, regissør og sangere opp som 3D-figurer.