Hopp til innhold

Opera på Fedje

Kjøp billetter
Spilletid: 2 t 30 min
Sted: Fedje kyrkje og FAB. NR. 8 Billettpriser: 0 - 750 kr
Premiere: 30. jan. 2021 Spilleperiode: 30 - 30/01

Ny dato! Opera på Fedje 12. september 2020, som diverre vart avlyst grunna nye retningslinjer knytta til smittesituasjonen i Bergen kommune, er flytta til 30. januar 2021.

KORKONSERT (UTSELD)
LAURDAG 30. JANUAR KL. 14 I FEDJE KYRKJE

Bergen Nasjonale Opera, fedjekorene Koral og Fedjekostane, samt songarar frå ulike kor i Bergen ynskjer velkomen til felles konsert i Fedje kyrkje. Vi har med oss sopran Gunda-Marie Bruce og tenor/saksofonist Håkon Kornstad, som også skal stå for underhaldning på Fab nr 8 seinare på kvelden.

Dirigent er Håkon Matti Skrede, kormeister i Bergen Nasjonale Opera og Bergen Filharmoniske Orkester. Pianist er Ellena Hale.

Konserten varer i ca. 45 minutt. Arrangementet er tilpassa retningslinjer rundt koronaviruset.

Gratis inngang!

KRABBEFEST OG OPERA
LAURDAG 30. JANUAR KL. 19 FAB. NR. 8

For fjerde gong har vi gleda av å by på kjende operaperler og krabbe- og rekebord på FAB. NR. 8. Artistar framfører flotte ariar medan du og venene dine nyt god mat og drikke. Dette er sosialt, hyggeleg og uformelt. Det populære arrangementet er tilpassa retningslinjer rundt koronaviruset. Det vert til dømes difor ikkje bar og buffet, mat og drikke vert servert direkte til bordet.

ARTISTAR KRABBEFEST
Gunda-Marie Bruce / Sopran
Håkon Kornstad / Tenor og saksofon
Ellena Hale / Piano

PRIS
Konsert og krabbefest kr. 750,- (drikke kjem i tillegg)

KORONA OG TALET PÅ GJESTAR
Arrangementet vert tilpassa retningslinjer rundt koronaviruset. Difor er det mellom anna restriksjonar når det gjeld kor mange som kan samlast i kyrkja og på krabbefest med opera.

Velkomen!

Praktisk info: Siste ferje frå Fedje går klokka 21:15
Ynskjer du overnatting finn du meir informasjon om tilbod på Fedje her

Med støtte frå Fedje kommune

Bileta under er frå konserten i Fedje kyrkje i 2019 og tidlegare krabbefestar på FAB. NR.8

Medvirkende


Håkon Matti Skrede

Håkon Matti Skrede

Dirigent og kormeister

Håkon Kornstad

Håkon Kornstad

Tenor og saksofon

Samtlige spilledatoer


30/01 Lørdag 19.00
FAB. NR. 8 Kjøp billetter
Kjøp billetter
30/01 Lørdag 14.00
Fedje kyrkje / Utseld Utsolgt
Utsolgt