SOMMARAKADEMI 2026
Opera ved fjorden sommarakademi vert arrangert 22.-28. juni 2026. Søknadsportalen opnar 15. november 2025
22.-28. juni 2026 vert Opera ved fjorden sommarakademi arrangert for sjette gong. Søknadsvidauget opnar 15. november, følg med på denne sida og i våre sosiale media.
Høgdepunkt frå Figaros bryllup og Carmen er dei utvalde verka, pluss studentane sine eigne favorittariar. Vi er glade for at den svenske barytonen Peter Mattei, kjend m.a. for Don Giovanni-rolla på The Met i New York, kjem attende for å vera ein del av lærarteamet – i lag med Solveig Kringlebotn, som har vore med frå starten.
Opera ved fjorden rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar og musikarar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester.
Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen SR-Bank og GC Rieber Fondene.
Sjå bilete frå 2025:
Sjå bilete frå 2021, 2022, 2023 og 2024: