Hopp til innhold

Kva skjer i La clemenza di Tito?

Ei farleg forelsking, mordforsøk og forsoning. Her er ei oppsummering av Mozarts opera, som har premiere i Grieghallen 13. mars 2021.

I originalhistoria er vi i Roma i år 79, rett etter at vulkanen Vesuvs kraftige utbrot har lagt byen Pompeii og store område i aske. Tito (Titus Flavius Vespasianus) er nettopp blitt krona til keisar etter farens død.

1. AKT

Vitellia legg ein drapsplan
Den ærgjerrige Vitellia er rasande over rykta om at landets leiar Tito ynskjer å gifte seg med elskerinna si, Berenice. Vitellia sjølv håpar å bli ektefellen til Tito, ikkje minst fordi hun då kan oppnå meir makt.

Titos næraste medarbeidar og fortrulege Sesto er djupt forelska i Vitellia, og kaldblodig utnyttar hun dette: Ho krev at Sesto skal utføre eit attentat mot Tito. Sesto vegrar seg, og minner Vitellia om at Tito er høgt respektert og verdas yndling (la sua delizia al mondo). Men i frykt for å miste Vitellia, lovar Sesto likevel å drepe Tito.

Befal meg hva du vil.
Du er min skjebne,
for deg gjør jeg alt.

Romantiske forviklingar
Så kjem Annio, Sestos gode ven og medlem av senatet. Annio fortel begge nyheita om at Tito har bøyd seg for ynsket frå folket om å velje ein meir passande ektefelle enn Berendice, og han har dermed sendt kjærasten ut av landet. Vitellia får nytt håp om å bli Titos ektefelle, og kviskrar til Sesto at han må vente litt med drapsplanen.

Når Vitellia er gått, har dei to unge mennene ein fortruleg samtale om søstera til Sesto, Servilia, som Annio har eit hemmeleg forhold til. Sesto lovar Annio å vere hans talsmann hos Tito, slik at paret kan få gifte seg.

Tito ombestemmer seg
Tito kjem frå Kapitol saman med Publio, som er leiaren for livgarden. Når Sesto og Annio blir åleine med Tito, fortel Tito ærleg at han er fortvila over å ha send si kjære Berenice bort. Men når han har valt å følgje ynsket om ein anna ektefelle, skal det i alle fall vere nokon som vil styrke det nære vennskapet hans med Sesto: nemleg søstera Servilia!

Annio og Servilia i fare
Både Annio og Sesto er forferda, men må vere lojale mot leiaren sin og seier difor ingenting om at Servilia er kjærasten til Annio. Annio får også i oppgåve å fortelje Servilia den overveldande nyheita, men hun nektar å forlate Annio.

Du var den første jeg elsket
og vil alltid være den eneste
som gjemmes i mitt hjerte.

Servilia skunder seg til Tito og våger å fortelje at hjartet hennar allereie tilhøyrer Annio. Tito beundrar og lovprisar at ho er så ærleg. Han velsignar forholdet, og lar henne gå.

Sesto er blind av kjærleik
Den ambisiøse Vitellia derimot anar ikkje noe om dette, men fryktar at Servilia kjem til å bli Titos utvalde kvinne. Vitellia forlangar igjen fra Sesto at han må utføre eit attentat mot Tito. Fylt av motstridande kjensler bestemmer Sesto seg for å utføre ordren hennar.

Dramatisk vending
Rett etter at Sesto er gått, kjem Publio og Annio og fortel ei forbløffa Vitellia nyheita om at hun er valt ut som Titos komande ektefelle.

Og no er det for seint for Vitellia å kalle Sesto tilbake: Han har allerede utført angrepet på Kapitol, og det ser ut til at Tito er drepen. Sesto sjølv er fylt av forakt over det han har gjort.

Åpne deg jord, og sluk meg,
en forræder, i ditt dyp.

2. AKT

Sesto røper brotsverket
De to gode vennene Annio og Sesto møtest, og Annio fortel at Tito likevel ikkje er død, som alle først trudde. Sesto innrømmer no for Annio at det er han som står bak attentatet. Annio prøver å overtale Sesto til å tilstå alt for Tito. Vitellia på si side, vil gjere alt for at hennar rolle ikke blir kjent, og ber Sesto om å flykte for å redde både seg sjølv og henne.

Publio kjem og avbryt dei: Eit vitne har kjent igjen Sesto, og Publio tar med seg Sesto til forhøyr i senatet, der han blir skulda for høgforræderi.

Får Sesto dødsstraff?
Tito klarer først ikkje å ta inn over seg at Sesto har forrådd ham. Han kan verken forstå eller tru på det. Men senatet seier at Sesto er skuldig, og Sesto tilstår. Dette betyr ein dødsdom dersom Tito skriv under, og då skal Sesto bli avretta. Annio appellerer fortvila til Tito og ber for sin nære venn.

Du er blitt forrådt
og for det fortjener han å dø.
Men Titos gode hjerte
gir oss likevel håp.
Så hør på ditt hjerte,
og se vår smerte.

Tito sender Publio bort for å kunne snakke åleine med Sesto. Kvifor har Sesto gjort dette? Sesto røper ikke noe om Vitellia. Tito seier han må dømme ham til døden. Sesto seier at det ikkje er sjølve dommen som gjer han sønderknust, men å vite at han har forrådd Tito. Tito signerer dødsdommen, men riv han deretter i stykker. Likevel beordrer Tito at Sesto skal førast ut til det ventande folket.

Vitellias kvaler
Vitellia får vite av Publio at Sesto skal avrettast. Hun prøver å finne ut om Sesto har fortalt om renkespelet hennar og fryktar at hun er avslørt. Men når Vitellia høyrer at Tito planlegg å gifte seg med henne same kveld, forstår ho at Sesto ikkje har røpt noko, og at han vil ofre seg sjølv i kjærleik til henne.

Ute er stemninga spent. Når Tito vil starte på talen sin til den dødsdømde Sesto, avbryt Vitellia og seier den sjokkerende sanninga direkte til Tito: Det er ho som står bak attentatet.

Titos overraskande dom
Trass i denne rystande avsløringa – Tito ynskjer å være ein mild og nådefull leiar, og bestemmer seg for å tilgi. Både Vitellia og Sesto unngår dødsdommen, men må bere med seg det smertefulle sviket vidare.

Alle vil tvinge meg til å være grusom.
Nei! Denne seier skal de ikke få!
La oss se hva som er sterkest:
Andres sjofelhet eller min mildhet.

Sitata er frå Metastasios og Mazzolàs italienske libretto,
omsett til norsk av Maria af Klinteberg Herresthal

Tekst: Møyfrid Engeset
Bergen Nasjonale Opera (2020/21)

La clemenza di Tito har premiere i Grieghallen 13. mars 2021.
Blir også vist på OperaVision 29. mai og i seks månader fram til 29. november 2021.

Siste nyheter

Champagne Foto Magnus Skrede

Kultur - det som foreinar oss

I ei tid då polarisering er ei av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.

Flaggermusen Foto Magnus Skrede

6 på terningen fra BA!

Og 5 (av 5) stjerner fra Opera Now - les utdrag fra de flotte anmeldelsene av Flaggermusen her!

Ivi Karnezi Foto Magnus Skrede

Konkurrent til Nystemten?

Har byen fått ein konkurrent til sjølvaste Nystemten? Her er heile teksten til songen "Bergen, å Bergen!", som er ei av overraskingane på maskeballet i Flaggermusen.

Leif Ove Andsnes og Adrian Angelico på pianoet

Queen på Ulriken!

Leif Ove Andsnes og vår eksentriske milliardær, Karl-Maria Ulriken, har spilt inn en helt unik musikkvideo!

Flaggermusen 1934 Foto: Christian Bøbak / Teaterarkivet, Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen

- Flaggermusen er operettenes dronning

Gjennom Flaggermusens 150 år på scenen har den vært en av de mest populære forestillingene både i Bergen og Norge. Nå samarbeider Bergen Nasjonale Opera og Den Nationale Scene for første gang om en helt ny versjon av operetten.

FLAGGERMUSEN

Hva i all verden skjer i Flaggermusen?

I denne nye vrien på Flaggermusen er handlingen flyttet fra Wien på 1800-tallet til dagens Bergen og Oslo. Vi vil jo helst ikke røpe alle overraskelsene før du kommer til Grieghallen i mars, men her er likevel et lite innblikk for den nysgjerrige!