Hopp til innhold

Eivind Gullberg Jensen

Han har dirigert både Berlin-filharmonien og operastjerner i Wien. Frå januar 2021 blir Eivind Gullberg Jensen formelt ny operasjef for Bergen Nasjonale Opera, med programansvar frå og med sesongen 2021/22

Den komande operasjefen for Bergen Nasjonale Opera er oppvaksen i Horten og deretter på Stord. Gullberg Jensen starta studiet i Trondheim med fiolin og musikkvitskap før han studerte direksjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm med Jorma Panula, og deretter i Wien med Leopold Hager.

Han var sjefdirigent for NDR Radiophilharmonie Hannover i 5 år (2009-2014) og har dirigert ved fleire leiande operahus m.a. i München, Zürich og Roma, og også framståande orkester som Berliner Philharmoniker, London Philharmonic Orchestra og Mahler Chamber Orchestra.

Våren 2017 dirigerte han Alex Ollés oppsetning av Den flyvende hollender ved Opéra de Lille. Like etter vart han den første nordmannen som dirigerte på det prestisjefylte Wiener Staatsoper, då han i mai dirigerte Tosca med Angela Gheorghiu og Jonas Kaufmann i hovudrollene, før han fekk kome tilbake same haust med Puccinis La bohème. Hausten 2018 dirigerte han Rusalka same stad.

Han har også bl. a. dirigert Stravinsky’s The Rake’s Progress på festivalen Aix-en-Provence (sommaren 2017) og Oedipus Rex i konsertversjon saman med Strauss’ Elektra på Den finske nasjonaloperaen i Helsingfors (hausten 2019).

På Festspillene i Bergen våren 2019 dirigerte han Bergen Filharmoniske Orkester i urpremieren på Venter – med musikk av Grieg og tekster av Knausgård – regissert av Calixto Bieito, og med ektefellen Mari Eriksmoen som solist.

Sjå også omtale hos agenten HarrisonParrot